Nydeleg vår og eksamenstid...

Våren er ei fin årstid, men eksamen øydelegg litt. I det siste har det gått i lesing og jobbing. På tysdag var eg ferdig med den værste eksamen i år: Bevegelseslære, anatomi og motorikk. Mykje pugging, det gjekk passe greit. Den siste eksamen min er 20.mai og omhandlar undervisningslære, piece of cake!  Så vert det ikkje meir studering på meg, forhåpentlegvis!

img5340
Musklar, ETA, dreiemoment og andre saftige tema!

img5325
Evo, verdas finaste hund...

Som elska å spele fotball..


I helga vert det ein tur til Førde, shopping og avslapping står på programmet!

Pizza, vin og song...

Koseleg laurdagskveld med heimelaga pizza (ala Peppes), to flasker vin og gode filmar som 300 og Ringenes herre.

img5324

Kos <3

Påskeferie og kos...

Påsken og ferie nærmar slutten. Tenkte det var på tide med ein liten oppdatering.

Helga før påske var eg ein tur til Lillestrøm for å besøke Tone, Stian og Alvilde. Dei har flytta inn i ny leiligheit og den var veldig fin! I same slengen fekk eg treft mange folk. På laurdagen hadde eg/me besøk av Anette og Stine, då vart det middag, vin og spel. Kjempekoseleg å sjå fine jentene, Stine og Anette, att. Søndag reiste eg inn til Oslo, fyrst på kafe med ein klassekamerat frå lærarskulen, deretter på middag med Kaupangergjengen. Kjempekjekt, og eg fekk verkeleg lyst til å flytte austover.

Påskeferien min var delt i to. Eg har hatt fri nesten heile påsken og det er det lenge sidan eg har hatt. Fyrst reiste eg og Henrik til Samnanger. Den eine dagen tok eg turen til Norheimsund, der besøkte eg Tone, JM og fine Ingrid. Me var i Samnanger  fram til onsdag, slappa for det meste av og kosa oss. På onsdag tok me turen til hytta vår, der var me ti vaksne, ein baby og ein kvalp. Me har fått oss hund i påsken, ein liten buhund på 9 veker som har fått namnet Evo. Han er veldig søt og fin. Somme stunder vill og gal.. Veret på hytta var så som så, overskya, lite sol og regn siste dagen.

I dag har eg vore på jobb og gått tur i det fine veret!

pske
Besøk i Lillestrøm: Terningkast 10!!

pske1
Sjarmtrollet! ( Alvilde also (; )

pske2
Fine jentene: Tone, Stine og Anette!

img5250
Skjønne Ingrid og meg, i idylliske Norheimsund!

img5257
Evo!

img5268
Søte Alvilde! Likar kamera,elektroniske ting, mamman og pappan sin.. Thats it! ;)


img5275
Kos!

img5284
Evo og meg, best friends for ever!

img5295
Hyttevanar...


img5319
Ingenting å seie på spensten!

img5321
Vårteikn! Fann ingen lilla korkusar...


See you later slater!

Eksamenslesing...

Eksamen i Idrett og samfunn nærmar seg, på tysdag gjeld det. Leselysta har ikkje komme endå og stoffet er vel heller kjedeleg. Men når denna eksamen er overstått har eg berre to att (forhåpentlegvis) og etter det vert det ingen fleire har eg bestemt. Jobblivet kallar meg til hausten.. Oioi, spanandes!

img5241
Detta bør eg gjer..

img5244
Detta gjer eg på...


Ein meget fin laurdag..

I går var me ein tur i Hodlekve og stod på ski. Det var andre gongen eg har stått på ski (nedoverski) og det var knallkjekt. Litt skeptisk til å byrje med, men det gjekk betre etterkvart. Fint ver og kjekke folk = meget fin laurdag. På kvelden var me på fest og eg var sjåfør. Greit med ei roleg og alkoholfri helg innimellom.

img5186
Jone gjer seg klar!

img5187
Marianne er klar.

img5189
Meg i farta.. Nesten.

img5190
Skeptisk..

img5194
Jone med eit fint hopp.

img5195
Henrik i eit fint svev!

img5207
Her enda min tur.. Skogskøyring var ikkje noko for meg.

Neste helg kjem Anette på besøk, det vert kjekt!!!

I Bergen..

Forrige helg var eg i Bergen og besøkte Signe. Hadde ikkje vore i Bergen sidan juni, så det var på tide! Fekk møte mange fine jenter som eg ikkje har sett på lenge. På fredagen lagde Signe god mat og åt, drakk vin og sladra.  Laurdag var eg ein tur i byen, var på kafe og handla litt. På kvelden hadde me invitert nokre jenter til middag og forspel. Middag bestod av tapasliknande rettar og Signe var sjefskokka! Hadde ein superkjekk kveld som enda på Contra. Etter å ha kvilt meg litt på søndag fekk eg besøk av Ingrid og Leander, og litt seinare Line. Om kvelden bar det inn til byen og på besøk til Lene. Fullt program heile helga, men eg fekk oppdatert meg og møtt mange folk. Hadde ei kjempehelg! Tusen takk Signe for ei fin helg, du er ei god vertinne og vennine!!

Litt bilete frå laurdagen:

img5149
Superkokka!

img5152
Litt av maten me serverte.

img5150
Middagsgjestene.

img5151
Me kosar oss.

img5157
Forsinka bursdagsgåver, tusen takk!!

img5155
Fine Line og Ingrid!!

img5156
Fine Sonja!

img5160
Kake og kaffi må til!!

img5159
For mykje sukker eller alkohol?? ;)

img5165
Meg og Anne.

Mi snakkast!

Eit nytt år...

No er me godt inne i 2009, og det er ei stund sidan eg har oppdatert! Det var godt å komme heim frå Brasil og bli møtt med kaldt ver og god norsk mat. Samt juleforberedelsar. Det vart mykje jobbing på opplysningen, men og tid til avslapping. Julafta feira me som vanleg i Årdal hjå mormor og morfar. Nesten alle var tilstades, utantatt Tone, som feira jul  i lag med Stian og Alvilde. Ho/dei var sakna. 2. juledag var eg ute og såg på livet. Kjekt å treffa att gamle kjente. På nyttårsafta var eg i Flåm hjå Ingeborg. Det var kjekt, åt pinnekjøt i lefser som eg dyppa i feitt! Det har eg ikkje prøvd før, men det var godt! Etter middag var det kaker, vin og singstar før me ynskja det nye året velkommen med rakettar og stjerneskot!

No skal eg snart byrja på skulen att, neste måndag. Då skal eg fullføre idrett grunnstudium her heime i Sogndal. Ein del folk frå Brasil skal gå her og, det vert moro. Gleda meg til å sjå att folk. Utan om å studere skal eg jobbe litt på skulen heime som vikar. Denna veka har eg fått mange timar kvar dag. Spanande, kjekt og moro. Skal ha 8.klasse fast i kunst og handverk kvar fredag fram til sommaren.

Har berre bilete frå nyttårsafta, nokon av dei kjem her.

img5115
Vertinna!

img5123
Champange må til.

img5124
Fornøgde!

img5132
Her har me sjefsrakettoppskytarmannen! Vernebriller må ein ha..

img5136
Dronningi av Li i action!

img5143
Janne, meg, Inger og Ingeborg.

img5148
Jula skal ut!

Det er iskaldt ute no, over 7 minusgrader, huff..

Avslutning..

Opphaldet her i Brasil nærmar seg dessverre slutten. I måro vender eg nasen heimover til Noreg, det vert trist. Kjem til å sakne alle folka.  Men det vert og godt å komme heim. I går hadde me avslutningsmiddag med heile Gateway College, det var koseleg.

Ting eg gledar meg til når eg kjem heim:
- senga mi (god pute, dyne og varmeteppe)
- norsk mat (særleg grovt brød, brunost, geitost, kvitost ++)
- mjølk ( har ikkje drukke mjølk på 3,5 mnd)
- norsk tv (hotel cæsar!! hihihi)
- jul
- sleppe å bu på hotell
- sleppe drikke vatn frå flaske
- sleppe toskne taxisjåførar og andre masete folk

Ting eg kjem til å sakne når eg kjem heim:
- folka eg har blitt kjent med
- varmen
- acai
- å bade i sjøen

Snart er eg heime og opplev kuldesjokk, det er eg sikker på. Reiser frå 30 varmegrader til minusgrader. Håpar det er snø og gleda meg til å sjå att folk heim!

avs4
Godjentene..

avs9
Sverre og Brit Ina.

avs1
Sjiraffen og apa!

avs11
Oskar og Ragnhild.

avs5
Klasse B - B for best!

avs8
Guttaboys frå "Barol"...

avs2
Skrive ord med rompa leiken..

avs7
Anette og Chris.

avs10
Dei tre musketerer.

Me snakkast!
Kl 1425 norsk tid på torsdag er eg på Gardermoen...

Slaraffenliv...

Hoho, no har eg fri! To eksamen er overstått og det gjekk greit på begge trur eg.Hadde den praktiske eksamen på måndag, men det betydde ikkje at eg hadde fri etter det. Har vore objekt for andre som har hatt eksamen på onsdag og torsdag. Men no har eg heilt fri og berre kosar meg. Det nærmar seg slutten her i Brasil, har 4 heile dagar att..  Tida går fort. På onsdag er eg på meg heim. Det vert rart, men og veldig godt! Dagane fram til eg reiser har eg uansett tenkt å bruke godt. Blant anna til soling, marked, fest og moro. I motsetning til kva vermeldingane har sagt, har det vore sol dei siste dagane. Det likar me, og ligg som slakt på takterrassen frå morgon til kveld. Dei ivrigaste står opp kl 8 for å legge seg der (les Anette). Eg er ikkje ein av dei, får nok etter 2 timar i sola.

I går hadde me norsk kveld på rom 204. Sverre diska opp med Flåklypa Grand Prix, leverpostei, makrell i tomat, spekemat og mjølkesjokolade! Kan det bli betre? Eg gleda meg til norsk mat ! Og til jul, trur eg kjem i god julestemning når eg kjem heim! Julegåver har eg kjøpt og, det er stress...

sommarfu
Gjest i fjerde etasje. Nesten lika stor som handa mi..

blog
Objekttimar er skøy!

blog3
Objekttimar er avslappande, vertfall i 10 min..

blogg2
Jentene klare for ginga og forsvarsteknikkar..

blog4
Hyper av all treninga og tett luft..

blog5
Ginga kan eg, har naturleg rytme i kroppen, jaudå..

blog6
Maria Bonita, her er me faste lunsjgjester...

blog7
Hang-loose-kis med godt skotøy og mannen som datt ned frå månen...

blog8
Acai, energibombe frå regnskogen. Inntas dagleg..

blog10
Norsk kveld alla Sverre!

Me snakkast!!

Aktivitetseksamen i capoeira..

I dag trakk me kva dag me skulle ha praktisk eksamen og eg kom opp i måro (måndag). Kom litt brått på, hadde tenkt at tysdag eller onsdag var passande dagar, men eg vert fort ferdig. Eg kom opp i capoeira. Som nemt tidlegare her er det ikkje favorittidretten min, men det kunne vore verre. Oppgåveteksen er som følger: Lag eit undervisningsopplegg i capoeira for objektgruppe 6 der innlæring av grunnsteg og fyrste møte med capoeira er hovudtema. For å sei det slik kom eg godt ut av den, er ikkje så avansert for ein som er mindre flink i capoeira som meg. Driv å skriv øktplan no, må ha litt eigentrening etterpå. Kl 14.00 (18.00 norsk tid) i måro må de tenka på meg!

Hurra! Imåro er eg ferdig med eksamen for i år! Tvi tvi for meg :)

bilde 200mm
Bilete av Lisbeth og meg i capoeiraglanstida! Veldig fokusert..
Les mer i arkivet » Mai 2010 » Mai 2009 » April 2009
hits